Hyllestad sokneråd er det folkevalde, kyrkjepolitiske styret i Hyllestad sokn, som har samanfallande grenser med Hyllestad kommune.
Soknerådet sitt ansvarsområde er kyrkjebygga i sokna, kyrkjegardane, den lokale kyrkjeøkonomi og rådet har arbeidsgivaransvar for dei kyrkjeleg tilsette i soknet. Hyllestad sokneråd er også den lokale gravplass-styresmakt. Soknerådet har vidare ansvaret for å "vekke og nære det kristelege livet i soknet"
Medlemmene i soknerådet er valde for fire år om gongen. For å ivareta den daglege drifta skal det vere tilsett ein dagleg leiar/kyrkjeverje som handlar på soknerådet sine vegner etter fullmakt. I inneverande valperiode er Hyllestad sokneråd sett saman av:
Faste medlemmer:
Linda Ølmheim (Leiar)
Steinar Urnes (Nestleiar)
Reidun Skår
Anny Dale Fureli
Liv Synnøve Andersen
Brit Inger Skaar
Rune Risnes (kommunen sin representant)
Audun Systad (geistleg representant)
Varamedlemmer:
1. Atle Tonning (møter fast i rådet)
2. Odd Takle
3. Magnhild Hofland
4. Kurt Arve Kjos
5. Rune Risnes
Sekretær for soknerådet er dagleg leiar/kyrkjeverje Irene Fløde