24. mars - Fasteaksjonen 2015
VI GÅR FOR VATN
I kriser er vatn kritisk. Kirkens Nødhjelp er der i katastrofar med reint vatn. No treng dei deg!
22.-24. mars går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015 av stabelen. Konfirmantane i Hyllestad
kjem med bøsser og ringer på dørene tysdag 24. mars. Ha difor pengane klare når konfirmantane kjem.
Ved å gje får du også vere med å hjelpe mennesker som lid.
Vatn er prekært for menneske i naud. Difor er vatn noko av det aller første Kirkens Nødhjelp stiller med i katastrofar. Det kan vere vasstankar, vass-system eller reine naudrasjonar. Akkurat no er det fleire katastrofar i verda enn nokon gong og Kirkens Nødhjelp er på plass i Syria, Nord-Irak, Sør-Sudan og mange andre land.
Klimaendringane fører til større og verre katastrofar. Det siste året har vi sett det med tyfon på Filippinane, flaum i Pakistan og tørke i Guatemala. Også
her heime har vi merka effekten av klimaendringane, no sist med den store flaumen på Vestlandet i oktober.
I ein katastrofe er det dei fattigaste som vert hardast ramma. Kirkens Nødhjelp sørgjer for reint vatn og høve til gode sanitærforhold der alt er øydelagt. Samtidig jobbar dei med
folk i utsette område så dei får høve til å førebyggje den neste naturkatastrofen. I tillegg jobbar Kirkens Nødhjelp med å påverke politikarar og andre som har innverknad til å stanse klimaendringane
Nokre katastrofar er klimaskapt og nokre kjem som resultat av krig og konflikt. Kirkens Nødhjelp er der uansett. Det siste året har Kirkens Nødhjelp gitt reint vatn til mellom anna flyktningari Sør-Sudan, Nord-Irak og Syria, tyfonramma i Filippinane og flaumoffer i Pakistan. Men dei treng hjelp for å hjelpe.
Ditt bidrag i bøssa gjer det mogleg for Kirkens Nødhjelp å vere der med reint vatn når katastrofen rammar.
Støtt opp om Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015!
Ta vel imot konfirmantane!