Dei to korte flaggstengene på portstolpane ved Øn kyrkje er no fjerna,( men biletet får stå i fred so lenge)
FLAGGSTANG OG FLAGGING VED KYRKJENE I HYLLESTAD.
Det har vore «støy» i aviser, då særleg i Firda, om flaggstang – flaggstenger ved Øn kyrkje. Ikkje all informasjonen har vore like opplysande, så difor nokre ord i kyrkjebladet.
Dei færraste kyrkjene rundt om i landet har flaggstang. At det står flaggstang ved ei kyrkje er såleis unnataket og ikkje regelen. Ved kyrkjene i Hyllestad har det vore, og er det flaggstenger. Ved Bø kyrkje har vi hatt to flaggstenger på portstolpane i veldig mange år. Flaggpraksisen er at det vert flagga ved gudstenester med dåp, gudstenester på høgtidsdagar samt ved gravferder. Folk i Bø tykker det er fint og høgtideleg med dei to flagga som møter dei på portstolpane når dei kjem til kyrkje og forlet kyrkja.
Positiv flaggpraksis i Bø er bakgrunnen for at soknerådet, når flaggstonga på Øn blåste ned, gjore vedtak om at ein også ved dei andre kyrkjene i Hyllestad, ønskte det slik som ved Bø kyrkje. Soknerådet må også tenkje langsiktig og ikkje gå for frivillige kortsiktige løysingar. Soknerådet ønskte ei sams og kostnadseffektiv løysing. Soknerådet, med ansvar for tre kyrkjer og eit kapell, har problem med å få midlane til å rekke, og har rett og slett ikkje råd til å prioritere flaggheising og flaggfiring på alle offentlege flaggdagar. Soknerådet må forhalde seg til arbeidsmiljølov og hovudtariffavtalar. Det er difor reglar for utlønning, og på ein høgtidsdag kostar det om lag kr 1 900 å flagge. Ingenting er så stusseleg som ei «naka» flaggstang ved ei kyrkje på høgtidsdagar.
Dette er bakgrunnen for at Reidun Fleten har fått avslag ved begge høva ho har søkt om å få setje opp ei høg flaggstang ved Øn kyrkje. Trass avslag har det i Øn vore samla inn til ei høg flaggstang.
Ved Øn kyrkje vart det, i samsvar med tidlegare soknerådsvedtak, sett opp to korte flaggstenger på portstolpane før Påske og som vart tekne i bruk Palmesøndag. Mange i kyrkjelyden tykte, som ved Bø kyrkje, at det var fint med dei to flagga som møtte dei når dei kom til kyrkja. Frå kyrkjelyden i Øn har vi fått mange positive tilbakemeldingar. At meininga er delt blant bygdefolket var soknerådet klar over, men overraskinga var svært stor då det like etter Påske plutseleg, trass avslag, sto ei lang flaggstang montert.
Hyllestad sokn, er eittsoknskommune med eitt sokneråd som har medlemer frå alle delar av kommunen. Kyrkjeverje tykkjer det er trist at det synest å vere nokon som ikkje trur at soknerådet har syn for alle delar av soknet. Dette samsvarar ikkje med kyrkjeverja si oppleving av soknerådet sitt arbeid, der dei i sitt arbeid legg stor vekt på å femne alle deler av soknet og legge til rette for alle aldersgrupper.
Med flaggsaka i Øn vart det ein lei situasjon som soknerådet måtte løyse på ein fornuftig måte. Vi erfarer at det er ulike meiningar i Øn, og med vedtaket som soknerådet gjorde i møtet 30. juni får dei som trassa soknerådet sitt vedtak viljen sin. Vi vonar likevel at i framtida vil soknerådet sine fleirtalsvedtak verte respekterte, og at kyrkjelyden, så godt som mogleg, nyttar kyrkja sitt årsmøte og andre kyrkjelege samlingar til å fremje aktuelle saker.
Hyllestad sokneråd fatta følgjande vedtak på soknerådsmøtet 30. juni:
«Flaggstanga som er sett ulovleg opp ved Øn kyrkje får stå så lenge det vert flagga av bygdefolket på kyrkjelege høgtidsdagar når det ikkje er arrangement i kyrkja. Dersom denne føresetnaden ikkje lenger er tilstade vert soknerådet sitt vedtak om to kortare flaggstenger på portstolpane igjen effektuert, og flaggstanga vert teken bort.
Ved arrangement i kyrkja, også på kyrkjelege høgtidsdagar, flaggar kyrkjetenaren i samsvar med same flaggpraksis som ved dei andre kyrkjene.
Vedkomande flaggstang ved Øn gravplass / Øn kapell, ønskjer ikkje soknerådet å søkje bispedømerådet om løyve til å setje opp ei frittståande flaggstang, med grunngjeving som i saksframstilling, og ettersom mest alle gravferdsseremoniane er i Øn kyrkje der det vert flagga.»
Frå saksframstillinga: Rådgjevar for gravplassaker skriv «Slik eg ser det vil en flaggstang på en gravplass i en del tilfelle kunne være en vesentlig endring som bør godkjennes av bispedømerådet. På gravplassen bør det utvises skjønn ved plassering slik den ikkje blir stående for nærme gravfeltene».
Irene Fløde