Kyrkjelydsbasaren i Hyllestad kyrkje, 2.oktober 2016


Resultat for Kyrkjelydsbasaren 2.oktober 2016

 

Kyrkjelydsbasaren 2.oktober 2016

 

Den årlege kyrkjelydsbasaren vart, som dei 3 føregåande åra, halden i Hyllestad kyrkje. Mange hadde funne vegen til kyrkja denne ettermiddagen, om lag 80 i talet. Etter ein kort liturgisk del med andakt, var det ymse programinnslag med m.a; Karine Strandos og Veslemøy Ryland, samt Jostein Ryland og Stewart McCredie. Vidare vart det mat og kaffi og god drøs rundt borda samstundes som konfirmantane gjekk rundt og selde årar.

Det kom inn  kr. 45.831,-. Takk til alle som har bidrege med vinstar, loddsal, loddkjøp og ikkje minst Åfjorddalen bygdekvinnelag som ordna med mat og kaffi på basardagen. Overskotet frå basaren, når utgifter til vinstar og bevertning er trekt frå, går til barne og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden.

Barne- og ungdomsarbeidet er det viktigaste arbeidet i kyrkjelyden, og vi ser at born og unge finn seg til rette og kjenner seg heime i kyrkja. Hyllestad kyrkje har vorte ein naturleg samlingsstad for dei unge når dei møtest til ungdomsklubb annankvar fredag. Ei stor takk til dei friviljuge som stiller opp for ungdomane våre på denne måten.

 

Tilbake