OFFER OG GÅVER PÅ VIPPS


OFFER OG GÅVER PÅ VIPPS


 

Gjevarsystem

Gjevarsystemet er ei digital fellesløysing for trygg administrasjon av offer og gåver til kyrkja. Kollekt/offer som blir gjeve via Vipps, vil du kunne få skattefrådrag for. Ved å ha gjevarar i eit system vil det være enkelt å handtere innsamling, gåver og innrapportering til Skatteetaten.

 

 

I 2024 samla kyrkja i Noreg inn 302 millionar. til ulike føremål. Den største delen, 192 millionar gikk til kyrkja sine eigne verksemder. Samla gir dette mange einskildgjevarar som har krav på at deira informasjon blir ivareteken og beskytta, og at soknet held god kontakt med gjevarane. Difor har kyrkja etablert ei fellesløysing for gjevarsystem.  

Det er Solidus AS som er vald som leverandør av kyrkja si fellesløysing for innsamling, gåver og innrapportering av skattefrie gåver.

Fellesløysinga skal syte for at alle gjevarar får høve til å få skattefrådrag når dei gjev gjennom Vipps. Vipps har blitt ein svært populær måte å bidra i kollekt og innsamlingar, men det må liggje eit gjevarsystem bak for å beskytta opplysningane til gjevarane.

Hyllestad sokn har no avtale med Solidus A/S, slik at du som gjevar på Vipps ved ofring og gåve til kyrkja kan få skattefrådrag om du let Vipps dele personopplysningar med Solidus. Alt du då gjev i gåve, eller ved ofring gjennom året, vert slege ihop og meldt inn for skatefrådrag. Dette er uavhengig av kva for eit sokn i landet du til ei kvar tid gjev, soframt soknet har inngått tilsvarande avtale. Vi vonar dette kan verta ei god løysing for alle partar.

 

Tilbake