Den gode samtalen


Kyrkje-og misjonsdag på Alværa 12. januar

 

Kyrkje og misjonsfamilie laurdag 12.januar

Kyrkje- og misjonsdagen i januar er etter kvart blitt ein tradisjon. Alværa vert denne dagen ein møtestad for menneske frå dei fleste av kyrkjelydane i området.

Korleis kan vi i kyrkjelydane få meir plass for dialog og samtale? Det er nok mange som under ei gudsteneste kunne hatt lyst til å stille spørsmål eller komme med eigne synspunkt til tekstane. Har vi arenaer der ein kan dele erfaringar og støtte kvarandre i dei mange utfordringane i kvardagen? I kva samanhengar kan dialogen få større plass i kyrkja? Kva kjenneteiknar ein god samtale? Kyrkje- og misjonsdagen kan sjåast som ein verkstad der ein deler idear og erfaringar. I år vil sjukehusprest Karl Hjelmeland halde hovudinnleiinga. Han er oppteken av  «den gode samtalen» og har variert erfaring frå  sjømannskyrkja, Hyllestad kyrkjelyd, tenesta som skuleungdoms-prest og frå møte med menneske på sjukehuset. Som vanleg blir det innspel til temaet frå fleire.  Du er velkommen til å dele synspunkt og erfaringar eller bere lytte og ta imot.

Gjennom dagen vil vi også i år syngje salmar frå ulike delar av verda. Temaopplegget blir avslutta med gudsteneste ved
Ingvald A. Frøyen  og  Ole Agnar Helland ved pianoetI.
I samband med ettermiddagskaffien vil vi også markere at Ingvald sluttar i NMS ved nyttår for å ta til i jobben som sokneprest i Førde.

Ungdommar som vil vere med på leiarhelg frå fredag, kan kontakte NMSU tlf 40406050. Dei vil delta på delar av programmet.
       ******

Vi håpar at også barnefamiliar blir med denne dagen. Dersom det innan måndag 7. januar er påmeldt born, vil vi tilby barnepass under innleiingane.

PROGRAM:
kl 10.00:    Kaffi/te/rundstykke
kl 10.30:    Opning og presentasjon           
kl 10.45   «Den gode samtalen»
                  v/ Karl Hjelmelan.  Erfaringsutveksling og  samtale. 
kl 13.00:    Middag - påmelding
kl 14.30:  Gudsteneste v/ Ingvald Andersen Frøyen og Ole Agnar Helland

                   Ettermiddagskaffi – Årmøte NMS Ytre Sogn.

Påmelding til Alværa 48990661 innan onsdag 9. januar.
Du betaler for måltida slik: Kaffi ved ankomst: kr. 20,- Middag kr. 220,- Kaffimåltid etter gudstenesta kr.20,-

Tilbake