TRUSOPPLÆRAR/ KYRKJELYDSPEDAGOG


Framleis ledig inntil 25% stilling som trusopplærar/kyrkjelydspedagog  i Hyllestad

 

TRUSOPPLÆRING I HYLLESTAD SOKN
Ledig inntil 25% stilling som trusopplærar/kyrkjelydspedagog frå hausten 2022
Vi treng ein motivert person til å vidareføre det verdifulle arbeidet som kyrkjelydspedagog Toril Lange har bygd opp og utført i Hyllestad sokn gjennom ei årrekkje.
Hyllestad kommune har om lag 1280 innbyggjarar. Kommunen har 1 barnehage og 1 skule. Det er god oppslutnad om trusopplæringstiltaka. Størstedelen av aktiviteten er i Hyllestad kyrkje, som i 2012 vart bygd om til ei fleksibel arbeidskyrkje.
Hovudmålet for trusopplæringa
Vi ønskje at alle born og unge -
❖ skal få kjenne at dei er elska av Gud
❖ skal få ei levande tru på Jesus
❖ skal kjenne at kyrkja er ein naturleg del av livet deira
❖ vil bli ein del av den kristne fellesskapet
❖ vil ta vare på og bli trygge i den kristne kulturarven
Arbeidsoppgåver
✓ Vera hovudansvarleg for planlegging og gjennomføring av tiltaka i den lokale trusopplæringsplanen
✓ Kreativ og pedagogisk trusformidling overfor barn og unge
✓ Motivere og samarbeide med frivillige medarbeidarar
✓ Vere med på nokre konfirmantsamlingar
✓ Drøfte trusopplæringsplanen årleg med soknerådet/ trusopplærungsutvalet
✓ Rapportering til bispedømet i januar kvart år
Trusopplæringstiltak i samsvar med godkjent plan som:
➢ Myldresamlingar for førskuleborn
➢ Trusopplæringsgudstenester
➢ Tårnagenthelg
➢ Minikonfirmantar
➢ Lys Vaken
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning innan kristendom, trus- og livssynskunnskap og pedagogikk. Gjerne med tilleggsfag innan musikk.
• Relevant yrkeserfaring
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt • Motivasjon for kyrkjeleg teneste • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge og trivast saman med dei • Evne til å motivere, inspirere og koordinere frivillige medarbeidarar • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, men og i team • God til å samarbeide tverrfagleg og med frivillige • Datakjennskap og lære å bruke kyrkjelyden sitt dataverktøy
Søkjar må - Vera medlem av Den norske kyrkja - Kunne legge fram gyldig politiattest - Disponere eigen bil - Kunne arbeide på ettermiddag, kvelds- og helgetid etter oppsett plan
Tilsetjing, løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og KA`s tariffavtale Det er 6 mnd. prøvetid
God pensjonsordning i KLP. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot For opplysningar om stillinga, kontakt: Soknerådsleiar Linda Ølmheim tlf. 976 20 937
Søknad sendast til Hyllestad sokn, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
e-post til kyrkjeverje: irene.flode@hyllestad.kyrkja.no
Søknadsfrist: 20.januar2023

Tilbake