Gravferd


Gravferd


Informasjon om gravferd i Hyllestad

 
Praktisk informasjon
Kyrkjekontoret i Hyllestad legg til rette for at gravferd kan gjennomførast på ein verdig måte. Dei fleste som syter for ei gravferd vel å engasjere eit gravferdsbyrå. Om ein gjer det, vil gravferdsbyrået ta den nødvendige planlegginga, og gjere dei nødvendige avtalar med kyrkjekontoret.
 
Tidspunkt for gravferda
Gravlegging skal skje seinast 10 virkedagar etter dødsfallet dersom avdøde ikkje vert kremert.
 Tidspunkt for gravferd vert fastsett av kyrkjeverja etter avtale med den som syter for gravferda eller gravferdsbyrå. 
 
Rett til å syte for gravferda
Det er dei næraste etterlatne til avdøde som har rett til å syte for gravferd. Gravferdslova fastset retten til å syte for gravferd i slik rekkjefølgje; ektefelle, barn, foreldre, besteforeldre, søsken, søsken sine barn og foreldre sine søsken. Hvis det før dødsfallet er sett fram skriftleg erklæring om kven som har denne retten, skal denne ha fortrinnsrett.
 
Grav
Alle innbyggjarar i Hyllestad kommune har rett til gravlegging og fri grav i fredingstida(20år). Ein kan velje fritt kva kyrkjegard i kommunen ein ønskjer gravlegging. Kyrkjeverja tilviser grav. Ein har høve til gjenbruk av eksisterande grav under vilkår av at grava ikkje er freda, og at festar samtykkjer i at grava kan opnast for gjenbruk. Askeurne kan setjast ned i freda grav.
 
Utanbygds gravlegging
Også personar som ikkje var busett i kommunen kan gravleggast her, men det vert då kravd avgift for gravfeste, kiste- eller urneavgift, samt seremoniavgift hvis ein skal ha kyrkjeleg seremoni i samband med gravlegginga.

Tilbake