Hyllestad sokneråd
Hyllestad sokneråd er det folkevalde, kyrkjepolitiske styret i Hyllestad sokn, som har samanfallande grenser med Hyllestad kommune. Soknerådet sitt ansvarsområde er kyrkjebygga i sokna, kyrkjegardane, den lokale kyrkjeøkonomi og rådet har arbeidsgivaransvar for dei kyrkjeleg tilsette i soknet. Hyllestad sokneråd er også den lokale gravplass-styresmakt. Soknerådet har vidare ansvaret for å "vekke og nære det kristelege livet i soknet"
 
Medlemmene i soknerådet er valde for fire år om gongen. For å ivareta den daglege drifta skal det vere tilsett ein dagleg leiar/kyrkjeverje som handlar på soknerådet sine vegner etter fullmakt. I inneverande valperiode er Hyllestad sokneråd sett saman av:
 
Faste medlemmer:
 
Jostein Ryland (leiar)
Liv Kristine Solheim (nestleiar)
Marion Brendehaug
Brit Inger Skaar
Unni Systaddal
Steinar Urnes
Rune Risnes  (kommunen sin representant)
Audun Systad (geistleg representant)
Varamedlemmer:
 
1. Odd Takle (møter fast i rådet) 
2. Reidun Skår
3. Joakim Systaddal
4. Rune Risnes
5. Olaug Brendsdal
Sekretær for soknerådet er dagleg leiar/kyrkjeverje Irene Fløde
23. juni 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Hyllestad sokn Powered by Agrando