Presteskifte i Hyllestad
Presteskifte i Hyllestad
Ole Agnar Helland sluttar som sokneprest i Hyllestad sokn 14.juni 2015. Etter avtale med Bjørgvin bispedøme går han inn i 40% stilling som prostiprest i Vik i Sogn frå 1.august. Audun Systad, som no er sokneprest i Balestrand sokn, overtek ansvaret som sokneprest i Hyllestad sokn frå 1. august, etter avtale med Bjørgvin bispedøme. Audun flyttar til eigen bustad i Sørbøvåg og får stilling som prostiprest både i Sunnfjord og Nordhordland prosti.
Størstedelen av arbeidet vil vera knytt til tenesta i Hyllestad sokn, men nokre av arbeidsoppgåvene vert lagt til andre stader i Sunnfjord  prosti og i Nordhordland prosti.Bjørgvin bispedømmeråd har i vedtak frå april 2010 gjort vedtak om at ei prestestilling skal flyttast frå Ytre Sogn prosti til område med svak prestedekning i bispedømmet, når det blir ledig stilling. Med denne avtalen sikrar ein at Hyllestad sokn har sin eigen prest i den næraste framtid. Ved seinare høve kan det komme endringar i prestetenesta i Sunnfjord prosti som følgje av nye kommunegrenser, fylkesgreneser, sokneinndeling og prostigrenser.

Reidar Knapstad
Prosten i Sunnfjord


26. mai 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Hyllestad sokn Powered by Agrando