Informasjon
Informasjon
Etter gravferda
Soknerådet syter for at grava vert planert om lag 6 månader etter lukking av grav. Ein kan då montere gravminne på grava. Regelen om 6 månaders venting er vedteke fordi det vil ta tid før dei pågravde jordmassane sett seg skikkelig, og ein unngår at gravminnet sig skeivt. Gravminne kan tingast frå gravminneleverandør og frå dei fleste gravferdsbyrå. Firmaet som leverer gravminnet søkjer kyrkjeleg fellesråd om godkjenning før gravminnet kan monterast.

Graver festa saman i ein gravstad
Mange ønskjer å verte gravlagt ved sida av ektefelle, sambuar eller annan i nær familie. I samband med dødsfall kan ein feste graver saman i éitt feste. Hovudregelen er då at ein har éitt gravminne på gravstaden.

Gravminne
Om ein skal ha ny inskripsjon på eksisterande gravminne kan ein kontakte kyrkjekontoret. Kyrkjekontoret formidlar kontakt med skrifthoggar som er innom 2 gonger i året (vår og haust) 

Sikring og ansvar
Det er graveigaren (festar eller den som er utpeikt for ansvarleg for fri grav) som har ansvar for at gravminnet ikkje er i forfall, eller er til fare/sjenanse. Det er derfor viktig at graveigaren fører tilsyn med gravminnet. Særleg gjeld dette etter kalde vintrar, då svært mange gravminne sig skeivt på grunn av forkastingar i jordmassane som følgje av kulde. Gravminne som velter kan gje svært alvorlege skadar om nokon vert trefte. Soknerådet kan gje pålegg om utbetring av avvik dersom ein finn dette nødvendig. Dei som treng hjelp til sikring av gravminne kan kontakte kyrkjekontoret.

Stell av plantefelt
Graveigar har ansvar for stell av plantefeltet. Ein vil oppmode graveigar til jamnleg stell, og slik bidra til at gravfelta skal kunne framstå som velhaldne, t.d. gjeld det at plantar ikkje skal skjule gravminnet eller plantast utanfor plantefeltet). 

Gravstellavtale
Det er mange som ikkje har høve til å stelle plantefelta på gravene dei har ansvar for. Om du treng du hjelp til slikt stell har vi ei ordning med gravstell på kyrkjegardane i Hyllestad. Årleg pris for denne tenesta er for tida kr 1.000,-. Ein kan avtale stell eitt år av gangen eller for ein periode på fleire år. Viss du er interessert i å inngå avtale om gravstell kan du skrive ut avtaledokumentet og sende dette til kyrkjekontoret.


Kjeldesortering
I samband med stell av grav er det viktig at ein nyttar kjeldesortering av avfall. Kransar, gravlykter, potter, posar etc. skal i restavfall og naturavfall skal i komposten. Merka bossdunkar er sett ut på kyrkjegardane.

Har du spørsmål om grav og gravminne kan du vende deg til kyrkjekontoret.


18. september 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Hyllestad sokn Powered by Agrando